New Zealand, Hawaii, Los Angeles & San Francisco..

Etter å ha vore på “The Great Ocean Road”, Adelaide og Tasmania med Eli var det på tide å reise vidare til New Zealand i byrjinga av desember, etter omlag 7 månader i Australia.

Var innom både Auckland, Hobbiton, Cathedral Cove, Wellington, Christchurch, Queenstown, Milford Sound og Bay of Islands. New Zealand er eit veldig flott land med eit stort mangfald både i landskap og artar 😉

Ein stor skilnad mellom Australia og New Zealand er korleis samhaldet mellom urbefolkninga og dei som busette seg der i seinare tid. I Australia vart aboriginarane behandla dårleg, dei hade levd i fred på denne øya dei siste 40000 åra, og var då ikkje førebudd på å sloss for sine rettar når busettjarane kom med sine moderne våpen og idèar. Māoriane på New Zealand var betre krigarar, og kunne forsvare seg. Etter mange tap for dei britiske busettjarane vart det derfor signert ein avtale mellom dei og māori-høvdingane (Treaty of Waitang). Dette er òg grunnen til at alle offisielle skilt etc er både på engelsk og māori.

Etter New Zealand reiste eg til Oahu på Hawai’i. Her var Pearl Harbor ein av dei første plassane eg besøkte, tykte det var spesielt interessant å sjå korleis det såg ut i ubåtane og i dei store krigsskipa.

Vandra opp til toppen av to vulkankrater, Diamond Head og Koko Head. Medan Diamond Head var ein veldig enkel tur dei fleste kan klare, var Koko Head ein tur med 1000 “trinn” rett opp, og i eit veldig varmt klima kan dette fort bli slitsomt.. Denne turen var veldig tilfeldig, ho eine eg delte rom med skulle dit, og sidan eg ikkje hadde noko på agendaen den dagen slo eg følge med henne. Fekk òg med meg pipeline-strendene, skilpadder, Dolè-plantasjen og mykje meir. Hadde eg hatt tid og pengar hadde det vore kjekt å ha sett dei andre øyene òg, men det får bli ein annan gong.

12 Januar var det tid for å reise vidare til Los Angeles, her var eg innom Griffith Observatory og planetariet der, Santa Monica, Venice Beach og Hollywood Boulevard..

No er eg i San Francisco, og her har eg vandra rundt på “Fisherman`s Warf” og i dei bratte bakkane rundt i byen, gått tur over Golden Gate-brua, besøkt det gamle fengselet på Alcatraz og sett digre red wood tre i Muir Woods.. På laurdag går turen tilbake til Los Angeles, og flyet til London.

New Zealand:

10435412_10154877777320313_4662311171267510619_n 10392382_10154868889655313_2732890523959889635_n 1375740_10154877780475313_6592069580256762646_n 1911875_10154922112905313_7746857166861139959_n 1972347_10154868937850313_3623240181526012985_n 1374371_10154904882125313_1213730618065028059_n 10848007_10154904881630313_6336839607840390895_n

Hawaii:

10922671_10155034522575313_9056774684096141647_n 10906376_10154972383755313_4952611125057130787_n 10906111_10155034527320313_1508767339650666044_n 10898282_10155034520710313_8511161568657745488_n 10897031_10154955989390313_7073387877732422828_n 10881677_10154955994925313_5065734816701597155_n 10885486_10154972385320313_1955117936518103182_n

Los Angeles:

10698422_10155066552630313_5358987877901758939_n 10689516_10155066546275313_6282902718857098589_n 10171845_10155083052025313_3571735189644931748_n

San Francisco:

10906416_10155106474540313_8851118155403008249_n 10420383_10155106475410313_9020638092422561473_n 10941039_10155103191035313_6721209238065940475_n 10933866_10155109586950313_310316363174531647_n 10942741_10155096512225313_6487392736151869913_n 10917402_10155096514870313_640634502159230000_n

“Travel Is The Only Thing You Buy That Makes You Richer”

Må innrømme at blogging ikkje er heilt min stil.. Har store problem med å tenkje ut kva eg skal skrive kvar gong, og eg er aldri heilt “in the zone” for blogging når eg for ein gong skuld har internett som fungerer godt.

Det eg har gjort sidan sist er å reise vidare rundt i Australia. Vi har vore både i Darwin, Alice Springs, Uluru og Perth etter Cairns, og ein liten bonustur til Japan med ein dag i Hong-Kong har vi òg fått tid til..

Darwin var veldig varmt og klamt! Det var kjekt å sjå korleis det såg ut der, og det var nok den beste tida på året å reise dit, då sommaren er glovarm og klissvåt 😛

Frå Darwin tok vi toget (“The Gahn”) til Alice Springs. Alice Springs er ein liten småby midt i outbacken, berre ei lita handlegate og eit par hostell og reise-/sightseeing-byrå.. Dei har ein “Surf Shop” då, noko som er rimeleg rart sidan Alice Springs ligg ca midt i landet, og det er rimeleg langt til sjøen.

Etter Alice Springs var neste stopp Kings Canyon, Kata Tjuta og Uluru, her hadde vi booka ein campingtur, der dei plukka oss opp i Alice Springs og stoppa på dei ulike plassane, med fjelltur og overnatting under open himmel.. Uluru var flott, men eg anbefalar å sjå den frå avstand først og ta bilete der.. Går ein rundt Uluru er det veldig mykje ein ikkje kan fotografere, då dette er eit veldig viktig område for aboriginarane..

Reisa gjekk frå Uluru og vidare til Perth og Fremantle, der var vi i ein månad, såg oss rundt, slappa av, gjekk turar osb.. Medan vi var i Perth bestemte vi oss for å reise til Japan, og sidan flyet hadde ei lang mellomlanding i Hong-Kong fekk eg ein plass ekstra å leggje til på lista mi 🙂

I Japan var vi ei veke i Tokyo, 6 dagar i Kyoto, ein dag i Osaka og 5 dagar i Kofu. Vi såg både Shinjuku, Shibuya, Harajuku, tempel og “shrines”.. Prøver framleis å få sett Mt. Fuji, men det er ganske mykje skyer og tåke rundt fjellet, så har ikkje fått sett det skikkeleg enno.. Sola er framme elles då, så varmt og fint..

Den 15 september reiser vi tilbake til Bondi etter nesten 3 månader på reise.. Det vert litt rart, men samstundes godt å få nyte Bondi, The Coastal Walk, og alt det Sydney har å by på igjen.. Må nok innrømme at Bondi og dei andre strendene rundt Sydney har ein større plass i hjarta mitt enn dei vi har sett andre plassar 😉

Her har de litt bilete å nyte til kaffien, teen, mjølka eller anna:

Darwin:

DSCN0939 DSCN0937

Kings Canyon:

kingscanyon kingscanyon2

“The Outback”:

CampingUluru2 CampingUluru

Uluru:

Uluru2 Uluru1

Perth:

Perth1

Fremantle:

Fremantle2 Fremantle

Tokyo:

Tokyo3 Tokyo2 Tokyo1 Tokyo4

Kyoto:

Kyoto1 Kinkakuji1

Australia`s East Coast.. From Sydney to Cairns in 21 days :-)

Då internett har vore dyrt og dårleg dei fleste plassar tok eg ei avgjer på å vente til vi kom til Cairns med å oppdatere bloggen 😉

Klokka 22:00 den 21 juni forlot vi Sydney, og om kvelden den 12 juli ankom vi Cairns, på vegen har vi stoppa mange plassar, besøkt hippie/surfer stad nr 1 Byron Bay, vore på 4×4 “Tag-Along-Tour” på Fraser Island, segling i “The Withsundays” og mykje meir..

Her er litt av det vi har gjort:

22-24 juni: Byron Bay
25 juni: Coolangatta
26 juni: Surfers Paradise
27-29 juni: Brisbane
30 juni-2 juli: Noosa
3 juli: Hervey Bay
4-6 Juli: Fraser Island
7 juli: Airlie Beach
8-10 juli: Segling i “The Withsundays” med OzSail/Avatar
11 juli: Magnetic Island, der fekk eg holde ein koala 😉
12 Buss frå Magnetic Island
13-17 juli: Cairns

Sidan bilete seier meir enn 1000 ord legg eg ut ein bunke her 🙂

DSCN0909

 

DSCN0896 DSCN0881 DSCN0826 DSCN0797 DSCN0645 DSCN0660 DSCN0599 DSCN0613 DSCN0781 DSCN0733 DSCN0707

Road Trip: 2200km in 7 days..

Ei lita oppdatering frå “ho der nede i Australien”.. 16 mai møtte eg altså ein flott fyr frå England, og sidan då har vi vel eigentleg opplevd ting ilag kvar dag.. Ingen av oss hadde tenkt å gå ut den dagen, så det var flaks at vi ombestemte oss 🙂 Vi har ikkje snakka noko om vi er “boyfriend/girlfriend” så det er ingen vits i å spekulere eller spørre om korti vi skal endre status på Facebook 😛 Vi nyt den tida vi har ilag, og så får vi sjå..

Vi reiste altså på ein veldig spontan tog/biltur ilag frå 22 mai til 2 juni. Vi hadde snakka om å reise litt sørover, og eg sa “vi gjer det imorgon”, og så gjorde vi det. Ikkje heilt likt meg, men det er vel litt av poenget med denne reisa mi.

Turen gjekk med tog til Canberra, som er ein rimeleg keisam by, der vi var frå torsdag til fredag. Derretter var det nattog til Melbourne, der vi var vi frå laurdag til måndag. Måndag booka vi ein “campervan” for å køyre “The Great Ocean Road” til Adelaide, men då vi måtte betale ca 200 AUD i einvegstakst, og dei klarte å fjerne denne frå ein evt tur tilbake til Sydney blei det då “Great Ocean Road”, “The Grampians National park” , via Phillip Island og Jervis Bay til Sydney.

 

“The Great Ocean Road” var ikkje så lang som vi hadde trudd, så det gjekk rimeleg fort. Det vart også overnatting på eindel “Caravan Parks” på vegen: Apollo Bay, The Grampians National Park (der vi sneik oss til å sove på ein campingplass i skogen utan å betale!), Phillip Island, Eden, Boderee National Park og Bulli Beach.. Vi såg  possum og kenguru i The Grampians og merkelege fuglar i Boderee/Jervis Bay.

Elles ser eg no farm til å flytte ut av husværet og reise vidare opp austkysten frå 21 juni.

 

DSCN0475 DSCN0419 DSCN0413 DSCN0386 DSCN0480 DSCN0537

Choices & Decisions

Eg veit eg har vore dårleg på å oppdatere, men for dei som er på Facebook har det vore litt betre 😉 Sidan sist har eg endra eindel beslutningar eg tok før eg kom, som t.d det å bli i Sydney ei stund for å jobbe. Eg var veldig oppsett på det, leiligheita eg bur i på Bondi Beach er fantastisk, og byen er interessant, men det er rimeleg vanskeleg å få jobb, og dei eg bur med er ikkje den typen menneske eg håpte på å møte på min veg. Nemleg opne og hyggelege menneske, med ei delt interesse for reising og Australia..

Så etter ein spesielt dårleg dag, der ho eine eg bur med sparka meg når eg låg nede ang. jobb og anna, tok eg ei avgjer på å reise vidare opp kysten ilag med ei anna som bur her på Bondi, som reiser den 21 juni.

På onsdag var eg på ein arrangert tur i Blue Mountains ilag med eindel andre “backpackers”, vi gjekk på to “bush walks”, såg “The Three Sisters” og drakk “Goon” på ein fantastisk utsiktpost på veg heim 🙂 Alle som var med var akkurat den typen menneske eg håpte på å møte, noko som bekrefta den avgjera eg tok dagen før 🙂

DSCN0338 DSCN0321 DSCN0285

 

Eg har òg vore eindel ute, eller skal vi sei heile dagen, dvs frå tidleg morgon til tidleg morgon, for å unngå dei eg bur med etter “jobb situasjonen” og det faktum at ho eine er verre enn Monica i Friends.. Ho postar Post-Its overalt, med “instruksar” ang rydding, vasking osb, og alle i kollektivet vaskar og ryddar etter seg med ein gong, så det er berre idioti det ho held på med. Ho taklar ikkje at eg hostar om natta, men ho kan bråke så mykje ho vil når ho kjem inn om kvelden, ikkje vil ho snakke engelsk heller, og ho er rett og slett ufordrageleg 😛

DSCN0340

Dei siste dagane etter Blue Mountains har vore veldig kjekke, har møtt nye venar, har “feira” 17 mai med to andre norske jenter og eg har vore ute og hatt det kjekt på byen ilag med dei eg budde på rom med dei første dagane i Sydney 🙂

Beach-Life

Du veit du bur på stranda når du kan gå utan sko frå døra og ned til sjøen, du kan ta frukosten i handa og gå ut å sjå på “surfies”, sand runners og “lifeguards” medan du et.Image

Sidan sist har eg gått “The Coastal Walk” to gongar, det er ein tur frå Bondi Beach til Maroubra. Første gongen brukte eg laaang tid, dette fordi eg ikkje gjekk herifrå før klokka var rundt 14, og når eg då byrja på tilbaketuren gjekk sola ned og alt såg plutseleg veldig annleis ut, og eg holdt på å gå utfor eit stup ved Waverly Cemetery 😛 Andre gongen eg gjekk gjekk eg herfrå i 11 tida, og åt lunsj på Maroubra, noko som var veldig digg, då ikkje så sunt (pommes og calamari).Image

Eine dagen var eg på WTC for å printe ut fleire kopiar av CVen, og då traff eg nokre norsk-vietnamesarar som òg reiste med WTC. Fekk snakka litt med nokon som har gjort det same, men no har dei reist vidare til New Zealand.

Tykkjer eigentleg det er vanskeleg å bli kjent med folk her, ein blir gjerne kjent med folk på hostel og backpacker-barar, men det er rimeleg overflatiske venskap med dårleg kommunikasjon. Har t.d fleire gongar invitert folk eg møtte på hostellet og på SurfCamp med på ting utan å få noko respons, og eg har til tider kjent meg veldig einsam. Dei eg bur med er greie jenter, men det er kanskje like greit at vi berre er “flatmates” og ikkje noko meir, vert ein for godt kjent kan det bli gnissningar med uvanar etc.

Har heller ikkje hatt hellet med meg mht jobb, dei fleste plassar ser dei på meg og seier “Sorry, we are not hiring at the moment”, så etter 10-15 slike oppå det å vere mykje åleine vert ein litt nedtrykt. Men det er ein plass eg har veldig lyst til å jobbe, som var ganske positive ang. jobb, og det er Scubar inne i byen. Dei har mange andre “Work & Travel”-folk og backpackerar der, og når nokon reiser vidare er det mogleg at der blir ei opning. (Han sa 1-2 veker, men ein veit jo aldri. Heldigvis har eg eindel pengar).

No seier eg ikkje at eg ikkje har det bra her då, for det har eg. På onsdag t.d var eg på Palm Beach, eller for dei som er kjent med “Home & Away”, “Summer Bay”. 😉 Det var ikkje filming medan vi var der, men eg møtte nokre greie folk frå New Zealand som kom med tips om kva eg burde sjå når eg kjem dit 🙂

Image

Image

Image

Image

Igår gjekk eg rundt med CVar ei stund, men etter ein haug med avvisingar kasta eg inn handduken, eller rettare sagt tok den med meg ned til stranda og la meg der i sol og varme, og nekta å tenkje på CVar, jobb osb. Då “The Lifeguards” var ferdig å pakke ned for dagen gjekk eg bort og spurte om eit bilete. (Måtte manne meg opp litt, dei er jo ganske flotte) 😉

Image

Idag er det Anzac-Day, det var parade i byen med gamle krigsveteranar etc, og folk går på pub og spelar 2-up etterpå. Eg tykte det var koseleg å sjå alle dei gamle som sto der så stolte og smilte og lo ilag, kanskje var dei “Brothers in Arms” under krigen, og hadde ikkje sett kvarandre sidan ifjor. Ein fyr sto inne i ei bakgate og øvde på sekkepipe før han skulle inn i toget, noko eg ikkje hadde fått med meg dersom eg ikkje hadde gått i akkurat den gata 🙂 Det regna eindel akkurat under paraden då, så det kjendes litt som 17 mai heime 😛

Surf Camp, influensa og RSA-godkjenning..

Etter 5 dagar på Surf Camp har eg vore sjuk i helga, og har eigentleg ikkje gjort noko særleg. Var til legen på laurdag, siden eg hadde fått i meg mykje sjøvatn kunne det vere det som gjorde meg sjuk. (Ein kan faktisk drukne på land dersom ein har meir enn eit par munnfullar med vatn i lungene). Det var “heldigvis” berre influensa, og eg har ein forstua fot, som eg ikkje kjente at var vond før alle gnagsåra var vekk 😛 Sidan eg ikkje har fått “Medi Care” kort enno måtte eg betale alt sjølv, så då måtte eg ut med 100 AUD, som er rundt 560 NOK. Eigendelen på forsikringa er på 500 NOK, så eg tok det på “svinn”-kontoen 😛
Eg var då altså ikkje noko spesielt flink til å surfe, trur eg var meir under vatn enn eg var over.. Men eg er no med på den eine videoen, i eit nanosekund 😉
Surfcamp3Surfcamp1 Surf4
Surf5
Surf10
Surf6
Idag har eg vore på RSA-kurs, som er “Responsible Service Of Alcohol”. Det tok 6 timar, med ein test etterpå. Ein må ha dette for å jobbe i bar- og restaurantbransjen. Er litt usikker på kor lett det er å få jobb, for alle eg snakkar med seier ulike ting.. Skulle det bli eit problem har eg fått anbefalingar frå nokon eg traff på “Surf Camp” at med min bakgrunn kan eg få jobb i gruvene i WA eller i petroleum i SA, men først skal eg prøve her i Sydney.
Her er forresten utsikta frå stova, og stova og soverommet mitt 🙂 Deler husvære med ei fransk og ei italiensk jente.. Og så kjem det ei til snart.
Husvære
DSCN0057DSCN0053DSCN0049

Life in Australia..

Etter ei laaang reise var det godt å oppdage at alt maset mitt på ca alle flyplassane om at dei måtte sjekke kor bagasjen var, om den kom fram til riktig plass etc, dei klarte å sende den til Hong-Kong før flyet mellom Paris og Hanoi, så sto den der og venta på meg når eg kom.. Ingen venting, ingen løfting ned frå bagasjebandet, den sto rett og slett klar 🙂 Det var heller ingen problem gjennom tollen, sidan eg ikkje hadde med meg noko mat..

Var på hostelet ca 10:30 og gjekk rett ut for å utforske litt.. Hadde tenkt meg til Bondi, men fann ikkje ut kor bussen gjekk ifrå eller noko så eg gjekk heller rundt heilt til eg kom til operahuset og Harbour Bridge, gjekk litt i den botaniske hagen og berre slappa av rett og slett..

Då eg kom attende til hostelet skvatt eg veldig, for inni ein krok sat det to britar, eg såg dei ikkje frå døra, så når dei sa hei fekk eg nesten infarkt 😛 Desse to gjekk å la seg i 8 tida, så eg ordna litt ting med papira før møtet idag, og så kom dei tre andre litt seinare..

Vi er 2 jenter og 4 gutar, dei 5 andre er britiske, og veldig hyggelege folk. Hugsar ikkje kva alle heiter, men det er iallfall 2 tvillingar frå Wales, ein fyr som liknar på Ron Weasley som seier “my word” kvar gong nokon seier noko rart eller han kjem borti noko med “solbrännan”, og så er det Holly og Felix.. Dei er 19 år alle saman, men ingen av dei trudde på at eg var så gamal som eg er, dei trudde ikkje at eg var over 23, så dei er “unnskyldt” for å vere så unge 😉

Så igår kveld drakk vi “goon”, som kort sagt er dårleg kartongvin til $10 for 4,5liter og spelte “Never have I ever”..

Idag har det vore møte på WTC, der vi har fått info om skattereglar, arbeid, reising, bankkonto osb.. Mykje info på ein gong.

No har eg ringt på husvære, og skal på visning på 2 stk på Bondi imorgon, og på mondag reiser vi til Gerrigong/7 mile Beach for 5 dagar på “Surf Camp”…

ImageImageImage

Kansellert fly, mjølkerute over Sandsli/Kokstad og venting på Gardermoen..

Hadde eigentleg god tid idag tidleg, sto opp og ordna med dei siste tinga før avreise, åt frukost, tok ei lita mage/rygg-økt og ei på stepmaskina, snakka med Besta i telefonen for å sei alt som må seiast når ein skal vere vekke i 12 mnd og slappa litt av på favorittplassen i sofaen..

Skulle eigentleg sitte på til Flesland med ei veninne 17:30, og dermed ha god tid til flyet 20:40, men 15:17 fekk eg SMS frå Norwegian om at flyet mitt var kansellert.. Etter ca 2 min med forhøga puls og litt panikk ringde eg dei og forklarte at eg MÅTTE reise idag, då flyet mitt vidare går imorgon 06:35..Dama i telefonen forstår anten ikkje dialekta mi, eller norsk i det store og heile og prøvar å plassere meg på eit fly som går 06:30 frå Bergen, 5 min før det flyet eg skal ta frå Oslo.. Snakk om ekspress isåfall 😛 Det heile enda godt og eg fekk eit fly som gjekk 19:40 istaden.. Problemet no var at veninna mi ikkje kunne køyre på dette tidspunkt, og bussen gjekk 15:45.. Eg hadde difor ca 10 min på å få på meg reisekleda, låse døra og flagre ned til bussen.. Kom meg ned til bussen, og måtte faktisk vente nokre minutt..

Forlenga reiseruta litt då, med ein buss som køyrer om heile Sandsli og Kokstad før den kjem til Flesland, og då meiner eg heile, ein time frå Straume terminal tok det 😛

No sit eg på Gardermoen, med 2 bøker, 2 blad, filmar på dataen og ein sovepose klar til bruk..

Lurer på om eg får sove..

8 dagar igjen…

Idag er der 8 dagar igjen til eg reiser frå Flesland. Deretter er det Oslo-Paris-Hanoi-Ho Chi Minh City-Sydney, er framme i Sydney 3 april kl 09:15 lokal tid 🙂 Har rekna ut at med venting og flytid er eg oppe i 51,5 timar reisetid til saman 😛

Er iallfall ferdig med pakking, vaksinering, og andre førebuingar. Har fått visum, billettar og andre viktige dokument frå GoXplore, men manglar framleis mobilnummer. Har skrive ferdig CV/søknad for jobbar der nede, så må berre fylle inn det australske telefonnummeret på denne, så er alt klart..

Har valt å ikkje pakke med meg så veldig mykje, då eg skal til Sydney og ikkje jungelen… Reknar med at dei har reint vatn, vaskemaskiner og butikkar der nede 😉 Er oppe i 12 kg innsjekka bagasje og 5 kg handbagasje..

Her er litt av det eg har med meg:

DSC_1013

Sovepose, lakenpose, mikrofiberhandduk, dagstursekk, klede, sko, toalettsaker, solkrem, handveske med kamera, Mac, viktige dok. osb..